lekeapparat_-_lekeplass_-_playground_-_ved_cc_hamar_8_opt
Moderne tilrettelegging av barndomen. Kan det verta sjølvstendige individ av noko slikt? Eller bør vi hente attende eventyrleikeplassen og la borna byggje sin eigen barndom? –Wikimedia.

Tankane mine gjeng til den materialiserte visdomen si store bok, “A Pattern Language“, som er sett saman av 253 mønster meisla ut or materien. Og eg tenkjer på mønster 73, eventyrleikeplassen:

Problem
Eit slott, laga av kartong, steinar, og gamle greiner, av ei gruppe born for dei sjølve, er verdt tusen perfekt detaljerte, og perfekt dekorerte slott, laga for dei i ein fabrikk.

Løysing
Sett opp ein leikeplass for born i kvart einaste nabolag. Ikkje ein ferdig leikeplass, med asfalt og husker, men ein plass med råmateriale av alle slag – nett, boksar, tønner, tre, reip, enkle verktøy, plankar, gras, og vatn – kvar ungane kan skapa og gjenskapa leikeplassen sin på eigehand.

Christopher Alexanders vidgjetne bok feirar 40-års jubileum i år. Ein god hyllest ville vera å hente fram att eventyrleikeplassen!

Advertisements